Norsk English

Folketonar i ventetid

Jondal skule

09.12.2012 17:00

Forventningane er høge. FOLKETONAR I VENTETID har tidlegare gått for fulle hus i fleire kommunar i Hardanger. No er det endeleg Jondal sin tur! Over 140 syngjande, spelande og dansande utøvarar, frå 6. til 62 år, vert medverkande! Førjolskonserten vert framført på Jondal skule 9. desember kl 17.00.

Me er inne i ventetida, ei ventetid full av håp og gleda! Og det er no på den  mørkaste tida me tek fram nostalgien, ljoset og varmen i oss! Prosjektet har vore førebudd i lang tid og elevane ved Jondal skule har hatt kvedarkurs med Reidun og lært "nygamle" songar som er vorte turka støv av og øvd inn i fleire veker på førehand.

Elevane er  heldige og får med seg profesjonelle musikarar: Geir Botnen-klaver, Ivar Kolve-percusjon, Frank Henrik Rolland-hardingfele, Einar Mjølsnes-hardingfele/viola da gamba og Ole Marius Sandberg-kontrabass. I tillegg vert statsstipendiat Guttorm Rogdaberg-forteljaren i framsyninga. Solistane vert Anja Savic Røed-kveding som er frå Jondal, og ho går på musikklina ved Stord vidaregåande skule og fylkeskvedar Reidun Horvei.

Publikum skal òg få ta del med jolesongar; songar som vart sungne lang tid attende og andre jolesongar som til og med vart skrive under ein stikkelsbærbusk midt på sumaren! Konserten er ei stormønstring som knyter generasjonane saman! Etter konserten vert det kaffi i Viketunet.

Filer