Norsk English

Kvartskonsert

Hardanger folkemsueum, loftet

16.11.2012 19:30

Kvarts held konsert på Hardanger folkemuseum fredag 16. november. Det heile vert ein akustisk ynskjekonsert der publikum får vera med å velgja låtene!

Det blir eit tett og intimt møte med kvartetten og musikken, der det
kammermusikalske, leikne og virtuose står sentralt. Med ein blanding av tradisjonell folkemusikk og nyskriven musikk, ispedd gode historier og formidlingsglede, tek Kvarts publikum med på ei reise i tid og rom og stemningar innafor det kammermusikalske formatet. Det blir også høve for publikum til til å ynskja seg gjenhøyr med melodiar Kvarts har har spela opp gjennom åra. Så her ligg det an til spenning både for publikum og for dei fire på scena!

Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har mellom anna vunne to Spellemannprisar. Gruppa har heilt frå starten vore solid rotfesta i den norske folkemusikken, og med ei rekkje instrument, og med humør og speleglede har gruppa fått eit stort publikum. Repertoaret til Kvarts er ein smakfull kombinasjon av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale. Kvarts består av Jo Asgeir Lie (trekkspel), Øystein O. Rudi (fele og hardingfele), Tom Willy Rustad (kontrabass, gitar, toradar, munnharpe) og Erlend Styve (gitarar).

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd