Norsk English

Konsert med Jølster 2012

Hardanger folkemuseum, loftet

23.11.2012 19:30

Frå Jølster i Sogn kjem felespelarane Sigmund Eikås, Synnøve Bjørset, Gro Marie Svidal og Erlend Apneseth. Dei held konsert på Hardanger folkemuseum fredag 23. november.

Toppspelemennene Eikås, Bjørset, Svidal og Apneseth går for første gong saman i eit musikalsk prosjekt og plateutgjeving der du får høyre deira personlege tolkingar av slåttar frå Jølster anno 2012. Slåttane har vore med dei sidan dei byrja å spele, og dei har kvar for seg sett sitt eige preg på dei- endra, utvikla og modna.

 

Repertoaret femnar om den særeigne «jølstringen», samt halling, rull og brureslåttar frå den vakre kommunen ved Jølstravatnet. Med ulike ideal nærmar dei seg musikken på kvar sin måte der dei sterke personlegdomane er med på å farge den store variasjonsrikdomen som dei tradisjonelle slåttane byr på.

 

Solospelet er i sentrum, og det er i solospelet det personlege uttrykket og dei største variasjonane får blomstre. Her ligg løyndomen til kvar einskild spelemann. Gjennom rytme, ornamentering, tonalitet og klang kan lyttaren ane kvar av dei fire sitt lynne og ideal slik det blir meisla ut gjennom musikken. Me gler oss til ein konsert med originalt slåttestoff og kunstnarleg formidling på høgt nivå!

Sigmund Eikås er nestoren blant dei fire. I tillegg til å vere ein velrenommert læremeister for fleire av dei fremste spelemennene på Vestlandet, er han ein av landet sine fremste dansespelemenn. Han er ein av få spelemenn som held på ein eldre tonalitet som han også tek med seg inn i dei nye slåttekomposisjonane sine.

Synnøve S. Bjørset er av landet sine fremste profesjonelle folkemusikarar med utdanning frå Norges musikkhøgskole. Ho har ei rekke CD-produksjonar bak seg, både solo og samspel og er medlem av gruppene Majorstuen og Dei beste damene. Solo plata hennar "Slåttar" frå 2009 blei nominert til Spelemannsprisen.

Gro Marie Svidal er ein allsidig profesjonell musikar og skodespelar med utdanning frå Ole Bull akademiet og Norges musikkhøgskole. Ho er elitespelemann på hardingfele sidan 2000 med mellom anna 2. plass i NM for folkemusikk frå 2009 samt ei rekke sigrar på lokale og regionale tevlingar.

Erlend Apnesether ei framadstormande stjerne på folkemusikkhimmelen som i dag studerer folkemusikk ved Ole Bull akademiet og går i lære hos storspelaren Håkon Høgemo. Apneseth har vunne ei rekke prisar og stipend for musikken sin, mellom anna FURORE-stipendet og publikumsprisen under Sparebanken Sogn og Fjordane si kultursatsing i 2010, og Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd