Norsk English

Spelemenn frå Rauland og Bø

Hardanger folkemuseum, loftet

12.10.2012 19:30

Me gler oss til ein kveld med gnistrande Telemarkspel når felespelarane Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Torgeir Straand kjem til Hardanger folkemuseum fredag 12. oktober.

Per Anders Buen Garnås vart tidleg ein særs god spelemann med stor slåttekunne. Han har vakse opp med spel og song i heimen og i familien, og er son av den kjende songaren Agnes Buen Garnås. Viktige læremeistrar og inspiratorar har vore onklane, Knut og Hauk Buen, Bjarne Herrefoss, Einar Løndal, Eivind Mo, Sveinung Dalen, Gunnar Innleggen, Anund Roheim, Hallvard T. Bjørgum, og Olav K. Øyaland, som han hadde som lærar då han tok spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet (1998 - 2000). Han hadde og Knut Buen som lærar under dette studiet. Han spelte seg opp i eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i 1999, som ein av dei yngste nokon sinne, og vann denne i 2003 og i 2010. Buen Garnås har gitt ut fleire CD-ar. Den siste, Seljord anno 1935, vart lansert  1. juli 2011.

Ottar Kåsa kjem frå Arabygdi i Vinje. Lange og mange dagar med felespel i Myllarstoga der han lærde slåttar av sumarguiden Lars Underdal i ungdommen, førte til slutt til at Ottar vann Landskappleiken i klasse A, hardingfele både i 2011 og 2012! Han var også den fyrste som tok i mot Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvarar i 2001. Ottar er for tida busett i Bø der han virkar som spelemann og hardingfelemakar på heiltid. Han er inspirert av mange spelemenn og spelstilar, både i Telemark og elles i landet. Blant dei viktigaste er Eivind Mo, Olav Løndal, Bjarne Herrefoss og Buen-spelemennene. I tillegg nemner han Gunnulv og Halvor Borgen som viktige førebilete for spelet sitt.

Spelemann Torgeir Straand frå Bø har omlag tusen oppdrag bak seg, og meistrar alle format frå små, intime stader til store konsertarenaer. Han har vore Telemarksmeister på hardingfele fleire gonger, har spela for kongen og dronninga, for statsrådar og fylkesmenn, for ungar og eldre, for fattige og rike, frå snøscooter i fart, på ski, frå lasteplan og traktorskuffer, på den kinesiske muren, på Hudson River, i Dublin og Athen. Som spelemann er kombinasjonen av slåttespel og morosame forteljingar hans varemerke. Torgeir er kjend for ein frisk og energisk spelestil, og er mykje nytta som spelemann til dans og som humorist.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd