Norsk English

Polka med Støyt spelar opp til dans

Utne Grannahus

10.09.2011 00:00

Utne Grannalag arrangerer gamaldans med gruppa "Polka med støyt" laurdag 10. september.

I gruppa medverkar Øystein Velure og Siri Dyvik på hardingfele saman med Magne Velure på piano. Dansemusikk spelt på hardingfele med pianobasing var ein del brukt frå tidleg på 1900-talet og ut i 1970-åra. Bruksområdet var bygdefestar i ungdomshusa og bryllaup. I dag er det få personar som praktiserer pianobasing, og både slåttetilfanget og spelemåten er knapt i bruk.

Dei viktigaste kjeldene for "Polka med støyt" er Lars Velure (1901-1992) og Jon Velure (1915-2001), og mange av slåttane er knytte til Svein Lutro (1850-1929), ein av dei markante dansespelemennene tidleg på 1900-talet. Gruppa "Polka med støyt" legg vekt på ein spelestil som understrekar at denne dansemusikken er bruksmusikk, dvs. det skal vera godt å dansa etter.

Gruppa legg opp til at det skal verta ein god, gamaldags dansefest på Utne den 10. september, der somme vil møta nostalgiske ungdomsminne, og andre vil oppdaga kor mykje bra gamaldansmusikk det finst i fjordaspelet.

"Polka med støyt" har spelt til dans på Landskappleikane på Geilo og Voss, på Vestlandskappleiken og på Hilme-stemna på Fagernes. I april i år spelte dei til dans på folkemusikkafeen i Odda.