Norsk English

Open dag

Hardanger folkemuseum

11.09.2011 13:30 til 17:00

Sundag 11. september feirar me kulturminnedagen med det årlege arrangementet Open dag på Hardanger folkemuseum.

Program

Kl 13.30 Utstillingsopning i storsalen - akvarellar v/ Lars Petter Røsberg.

Røsberg er født i Trondheim 1951. Han er utdanna ved SHKS og Statens Kunstakademi, Oslo. Til utstillinga har han måla akvarellar av stader, bygningar,  busetnad og kulturlandskap kring fjorden. Bileta er måla i løpet av 2010 og 2011. Fylkeskultursjef i Hordaland, Anna Elisa Tryti står for opninga av salsutstillinga, felespelar Frank Henrik Rolland for musikken.

Kl 14.30 og 15.30 Då klokka klang!      

Reidun Horvei inviterer til ein skuletime frå gamal tid! Gamleskulen var ein kulturinstitusjon. Læraren hadde stor autoritet både på skulen og i bygda elles. Men korleis var det å gå på skule på landsbygda i gamle dagar, på den tida då det ikkje fanst elektrisitet, CD - spelar og PC, då elevane måtte varma opp skulestova sjølve og læraren kokte potetene sine på omnen? Dei måtte vera allsidige og det var ei føremon å vere musikalsk. Gjennom Nordahl Rolfsens lesebok fekk borna kjennskap til det nasjonale og landsmålet fekk bygdene i tale. I denne skuletimen møter små og store mellom anna dotter til skulelærar Ole B. Lundetræ: Ingebjørg Lundetræ Opedal.

Kl 14 - 17  Aktivitetar ute og inne

Skattejakt, eldhuspizza og dropskoking
Kva slags gjenstander finn ein i utstillingane og i dei gamle husa? Vi inviterer borna med på spennande skattejakt. I Sjur Svartveit si gamle krambu på kaien vert det dropskoking. Her kan ein smake og handle drops og slikkepinnar.  Publikum kan også gle seg til eit av dei mest populære innslaga på Open dag - eldhuspizza!  

Eldre dekorasjons og handverks- teknikkar
I Hardanger har det vore tradisjon å krota stovene til jonsok. Med knust kritt blanda i surmjølk målar ein mønster på veggane. I år vart Tronesstova på museet krota oppatt under leiing av krotekone Johild Meland. På Open dag kan publikum sjølve få prøva seg på kroting og få kjennskap til bakgrunnen for skikken.
I tunet vil handverkarane demonstrera steinarbeid og hellekløyving. Ein kan få læra om vøling av vindauge, korleis ein kittar kring glasa og høvlar til listverk.
På Open dag syner museet vakre utgåver av dei tradisjonsrike snyttatrøyene. Desse var mykje brukt som ytterplagg til folkedrakta fram mot forrige århundreskiftet.

Frukt, keramikkverkstad, baking og aktivitetar for born
Knut Nes kjem og viser fram ulike eplesortar. Det vert nysteikte potetkaker, eplesmoltringar og melkekaker. Husflidslaget har aktivitetar for born og det vert ope keramikkverkstad i Østvikhuset. 
I den nye kafeén kan ein kjøpa nysteikte vafflar og heimbaka eplekake!