Norsk English

Konsert og pubkveld med Per Anders Buen Garnås

Hardanger folkemuseum

09.09.2011 19:30

Fredag 9. september kl 19.30 inviterar Hardanger folkemuseum til solokonsert og pubkveld med hardingfelespelar Per Anders Buen Garnås.

Per Anders Buen Garnås vart tidleg ein særs god spelemann med stor slåttekunne. Han har vakse opp med spel og song i heimen og i familien, og er son av den kjende songaren Agnes Buen Garnås. Viktige læremeistrar og inspiratorar har vore onklane, Knut og Hauk Buen, Bjarne Herrefoss, Einar Løndal, Eivind Mo, Sveinung Dalen, Gunnar Innleggen, Anund Roheim, Hallvard T. Bjørgum, og Olav K. Øyaland, som han hadde som lærar då han tok spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet (1998 - 2000). Han hadde og Knut Buen som lærar under dette studiet. Han spelte seg opp i eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i 1999, som ein av dei yngste nokon sinne, og vann denne i 2003 og i 2010. Buen Garnås har gitt ut fleire CD-ar. Den siste, Seljord anno 1935, vart lansert  1. juli 2011.

Meisterspelemenn - solo
Hardanger folkemuseum startar i haust ein konsertserie der me inviterar dei fremste utøvarane på hardingfele til å halda solokonsert.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd