Norsk English

Sivlekveld på Skredhaugen med Arild Helleland, Per Nornes og Jorunn Nornes Opedal

Skredhaugen

03.08.2011 18:00

Onsdag 3. august er det duka for eit stemningsfullt møte med tekstane til Per Sivle. Skredhaugenven og songar ved den norske opera Arild Helleland, Per Nornes og Jorunn Nornes Opedal framførar songar og tekstar av den kjende diktaren.

Skredhaugens vener kan oppsummera nok ein vellukka sommarsesong. Når dei no rundar av onsdagsarrangementa sine for i år skjer det med stil. Publikum kan venta seg ei flott framsyning med tekstane til Per Sivle. Mellom anna vert det eit møte med vossingen og mor hans.

Skredhaugen er ope frå kl 17.00, medan programmet startar kl 18.00. Etter framsyninga vert det sal av kaffi og kaker, og høve til å sjå utstillingane. Siste opningsdag på Skredhaugen vert sundag 7. august