Norsk English

Poesidagen med Maria Parr

Hardanger folkemuseum

21.08.2011 14:30 til 16:30

Maria Parr er årets forfattar på Poesidagen 2011 på Hardanger folkemuseum. Parr les og fortel frå bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Det blir kafé med barnetilpassa meny, og sjølvsagt høgtideleg nedlegging av stein i diktarstien.

Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs nye superstjerne! Ho debuterte med boka Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for.

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Til hausten kjem Vaffelhjarte som tv serie på NRK.

Vi startar dagen i tunet med høgtidleg nedlegging av steintavle i diktarstien. Deretter går vi ned i den nye kaféen der programmet fortsetter med lesestund og anna moro - av og med Maria Parr. Ein kan dessutan sikre seg signerte utgåver av dei populære bøkene.

Poesidagen

Poesidagen vart halden første gong på 85- års dagen til Olav H. Hauge i 1993. Den har sidan vore skipa som ein minndag over denne store diktaren. Mange kjende diktarar og forfattarar har lagt ned tavle med dikt og sitat gjennom åra: Robert Bly, Jon Fosse, Eldrid Lunden, Ragnar Hovland, Frode Grytten, Ole Paus, Anne B. Ragde, Kolbein Falkeid og Pedro Carmona Alvarez for å nemne nokre.

Alle steintavlene er utforma av biletkunstnar og rektor ved kunsthøgskulen i Oslo, Cecilie Brock Knutsen.

Maria Parr vert den 19. forfattaren som legg ned tavle i diktarstien.