Norsk English

Vinjes Ferdaminne av Vinje produksjoner

Hardanger folkemuseum, Storsalen

24.07.2011 18:30 til 20:30

Velkomen til ei musikalsk framsyning basert på den kjende boka "Ferdaminne frå sumaren 1860 " av A.O Vinje.

I 1860 la Vinje ut på ei reise frå Kristiania til Trondheim for å vere tilstade under kroninga av kong Carl den 15. Han var 42 år, ugift og over gjennomsnittet oppteken av damer. Aasmund mista mora si då han var 9 år. Dette prega kjenslelivet hans i vaksen alder.

Den raude tråden i framsyninga er Vinje sine møter med kvinner. Dei mest sentrale av desse er budeia på Helaksetra, ei ung dame Vinje møter og vert forelska i. Han tykker ho er så fager at han undrast på om det er huldra sjølv. Malene frå Folldal, ei 75 år gamal dame. Ho er, som Vinje, ugift og legg sin elsk på han. Vinje på si side ser ho i lys av si eiga mor. Drosi treff han på eimbåten. Ho er ei fin byfrøken frå Kristiania som er på veg til Trondheim. Vinje vert så bergtatt at det kjem sky framføre soli.

Vinje produksjoner vil markera ei bok og ein forfattar som er aktuell, av di observasjonane hans aukar forståinga av vår eiga samtid og nære fortid, Dei er av tidlaus og universell karakter.  Det blir eit musikalsk og verbalt folkeopplysningsprosjekt... i Aasmund O. Vinjes ånd!

Aktørane er:

Magne Skjævesland

Skodespelar og songar som spelar Vinje. Har abeida som freelance skodespelar i 20 år. Mellom anna i frigruppene Stella Polaris og Nordic Black Theatre. Har hatt roller i fleire norske filmar mellom anna Mirush, Maskeblomstfamilien og Trolljegeren.I 2007 starta han Vinje produksjonar. I alt fem produksjonar er til no blitt laga, alle med Aasmund O Vinje sitt liv og dikting som tema. Magne er ansvarleg for alle produksjonane, som ideutviklar, manusforfattar og produsent. 

Ingeborg Tollefsen

Felespelar, songar, skodespelar og komponist som spelar alle kvinnerollene i stykket. Har både klassisk og folkemusikalsk bakgrunn. Gjekk på teater- og musikklinja ved Romerike folkehøgskole. Underviste i fiolin ved Målselv musikkskole. Jobba som musikar og skodespelar ved Teater E i Oslo. Spelt i ei rekkje orkester og band, mellom anna Midt-Troms symfonietta, Tromsø symfoniorkester, Black Label og Dead Hoodlums. Ho har vore med i ein rekkje plateutgjevingar. 

Andrea Cvetkovic

Pianist og musikar under framsyninga. Andrea er utdanna ved Universitetet i Oslo og fullførte i 2010 ein mastergrad i Musikkvitskap. Ho har studert piano-spel med Wolfgang Plagge og Anne E. Riisnæs. Ho er vidareutdanna med meisterklasser hos Aldo Ciccolini og Robert Szidon. Andrea har vore solist ved Bærum Symfoniorkester. Ho har deltatt på CD-en «Atmosphere» og elles vore mykje nytta som kammermusikar. Ho har vore med i 3 av produksjonane til Vinjeproduksjoner.