Norsk English

Sesongopning på Skredhaugen

Skredhaugen, Lofthus

19.06.2011 14:00 til 17:00

Så er det klart for sesongopning på Skredhaugen, Lofthus. Det blir konsert med Annlaug Børsheim, omvisingar, kunstutstillingar, kafè v/ Skredhaugens vener og høve til å møte trivelege geiter.

Konsert
Felespelar, gitarist og låtskrivar Annlaug Børsheim startar dagen med konsert. Ho er utdanna folkemusikar, men hennar musikalske interesse spenner over fleire ulike sjangrar og tradisjonar. Det vert sagt at musikken til Annlaug er lyden av salt hav, bløming og brusteinsgater, der det skiftar raskt mellom voggesongar, mørk kjærleik og dristige drikkeviser

Den norske folkemusikken står som ein grunnmur i alt ho gjer, men oppå den byggjer ho nytt, tek vare på - og riv ned. Dei siste åra har Annlaug jobba mykje på tvers av Nordsjøen med ulike band og prosjekt. 

Kunstutstillingar

I 2010 vart det sett opp ny fast utstilling om kunstnaren Berhard Greve som skapte Skredhaugen slik vi kjenner tunet i dag. Denne viser både måleri og utkast til glaskunst av Greve. Kunst finn ein også i samlinga etter Jon Bleie: Henrik Sørensen, Harald Kihle og Theodor Kittelsen mfl.

Omvisingar, kafé og ny geitekilling i tunet

Det blir sjølvsagt høve til omvisingar i det idylliske museumstunet. Skredhaugens vener står for kafé der ein kan kjøpe kaffi og heimabaka kaker. På opninga kan ein også helse på siste tilskot til den vesle geitefamilien på Skredhaugen.

Billettpris kr 150 / born gratis

VELKOMEN!