Norsk English

Konsert med Aamos

Hardanger folkemuseum

09.06.2011 19:00 til 22:30

Velkomen til den fyrste konserten i den nye loftsetasjen på Hardanger folkemuseum. Energisk folkemusikk frå Shetland står på programmet. Etter konserten vert det pub, qviz og servering av småmat.

Aamos er ein trio som blei til på eit kjøkken i Oslo for å spreie den særeigne og energiske fele-tradisjonen frå Shetland gjennom Noreg og vidare ut i verda!

Dei spelar hovudsakleg slåttar frå denne tradisjonen, som rituelle brureslåttar der ein skal spela brura til sengs på bryllaupsnatta, rolege lydarslåttar og sjølvsagt kvikke og svingande rilar som Shetland er mest kjent for. Ein finn også mykje likskap til norske slåttar i repertoaret.

Det er Shetland-felespelarane Kevin Henderson og Mark Laurenson saman med Vidar Skrede som står bak dette bandet. Musikken som kjem ut av dei to felene og gitaren har eit uttrykk som spenner seg frå djupt rørande kjensler til lystig kraft.

Med nye luftige og lyse lokaler ønskjer Hardanger folkemuseum å legge nye rammer rundt enkelte av konsertane. Torsdag 9. juni blir der difor også høve til å kjøpe enkelte smårettar, noko å drikka og delta på quiz. Dørene opnar kl 18.30. Vel møtt!