Norsk English

Konsert med Orkesteret Fossegrimen og Børge Styve

Hardanger folkemuseum

28.05.2011 18:30

Det er ei stor glede å kunne ønskje dei alle velkomen til Hardanger folkemuseum laurdag 28.mai.

Berre 6 år gamal byrja Børge å spela kornett i Evanger Musikklag. Sidan har han spelt i ei rekkje korps, ensemble og orkester på ungdoms- og amatørnivå, m.a. kom han fast med i Orkesteret Fossegrimen alt som 10-åring. Han har også vore med i Voss Storband, Hordaland Ungdomskorps, Krohn-engen Brass Band, Oslo Brass Band, Prosjekt Ung Symfoni. Børge er i dag principal-kornettist i Norges Nasjonale Brassband, NMF sitt nye nasjonale representasjonskorps, og trompetist i Ungdomssymfonikerne.

Han var elev ved Musikklina på Voss Gymnas og med i talentprogrammet Unge Musikere på Griegakademiet, og tek nå utøvande utdanning på trompet ved Norges Musikkhøgskule med Jonas Haltia og Ole Edvard Antonsen som lærarar. Saman med jazz-bandet Smiletones har han spelt på m.a. Osa-festivalen, Vossa Jazz, MoldeJazz og finalerunden i konkurransen Jazz i Sikte på USF Verftet. Børge har tidlegare hatt fleire mindre solistoppgåver med Fossegrimen, siste gongen i juni 2010 på konserten It's all about Jazz, men dette er første gongen vi har gleda av å ha han med som solist i eit større verk.

Ellers framfører orkesteret ouverturen til operaen Den tyvaktige skjære av Gioacchino Rossini, Norsk rapsodi nr. 3 av Johan Svendsen, nokre satsar frå Geirr Tveitt sine Hardingtonar og Finlandia av Jean Sibelius. På programmet står den kjende og fengjande fanfaren Trumpet Voluntary av Jeremiah Clarke, som Børge spelar på piccolo-trompet (D-trompet). Dette er eit stykke i barokkstil, komponert truleg heilt på slutten av 1600-talet, og er i seinare tid tilrettelagt med orkesterfylgje av Sidney Lawton. Hovudoppgåva til Børge denne gongen er to satsar frå ein konsert for trompet og orkester i Ess-dur av den tsjekkiske komponisten Jan Krtitel Neruda, som levde på 1700-talet. Konserten har eit typisk klassisk tonespråk. Den var opphaveleg skrive for jakthorn, i dag eit mest ukjent instrument, men den høver like godt å bli spelt på vanleg trompet.

Som vanleg er det Fossegrimen sin faste dirigent og kunstnarlege leiar, Dagfinn Rohde, som dirigerer orkesteret. Konsertane blir gitt med stønad frå Voss kommune, Ullensvang herad og Hordaland fylkeskommune.

Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane. Det øver inn og framfører orkestermusikk frå ulike tidsepokar. Orkesteret vart starta i 1917 av lektor Erik Eggen ved Voss off. Landsgymnas.