Norsk English

Hardangerbokdagen

Hardanger folkemuseum

20.11.2011 16:30 til 19:30

Velkommen til årets mønstring av ny litteratur frå Hardanger. Også i år med nær 50 tittlar knytt til regionen.

Utstillingsopning MAMAisme

Vi startar bokdagen med utstillingsopning. Biletkunstnarane Åse Kvalbein, Ann Kristine Aanonsen og Karin Augusta Nogva har gjennom fleire år arbeidd med tematikk knytt til kropp, fødsel og tilhøvet mellom foreldre, born og samfunn. Emnet er både ålment og privat.  Å verte foreldre gjev lukke, men kan også gje angst.

Sjølve seier kunstnararne: "Vi vil fortelle en ordløs historie, med utgangspunkt i ulike materialer. Det er et spenn mellom tilstedeværelsen som uttrykkes i det fysiske materialet og den digitale hukommelsen i lyd og video"

Dei tre kunstnarane har utarbeidd ulike prosjekta på sjølvstendig grunnlag, slik rommar utstillinga tre ulike vandringar i same tema.

Meir om utstillinga finn de her: http://www.mamaisme.no/

Den dyktige pianisten Edyta Bryk står for musikalske innslag gjennom opninga.

Jubileumsbok og andre nye bøker

Jubileumsboka for Hardanger folkemuseum vert lansert på bokdagen.  Historielaget har hatt ansvar for utgjevinga og redaktør Knut Markhus fortel og les utdrag frå boka.

Det er mykje spennande historisk litteratur i årets utval. For eksempel  Primstaven i lys av helgenkulturen, Keiser Wilhelm i Norge, Vikingar i krig og  Borgerkrigen - om nordmenn som kjempa i den amerikanske borgerkrigen.  Lokalhistorie kan ein finne i siste utgåver av dei lokale tidsskrifta: Hardanger, Hardangerjol og gamalt frå Kvam. Boka om Skåtafolket frå Strandebarm som reiste til Amerika og Ja, seir du da frå Ordsankarlaget i Vikebygdkrinsen kan også nemnast i denne samanheng.

Nye bøker frå etablerte forfattara som Frode Grytten, Marit Eikemo er med i utvalet: det gjeld også Eva Røyrane og Svein Nord sin nylanserte bok: Fabrikkbyane.

Samlaget er ute med ny bok om Olav H. Hauge,Dagbøker 1924-1994. Frå han var 15 år og fram til veka før han døydde, førte Olav H. Hauge dagbok. Dette er ei redigert utgåve av dagbøkene med refleksjonar om litteratur frå heile verda, iblanda tankar og hendingar frå kvardagen og fruktdyrkinga i Ulvik.

I tillegg finn du kokebøker, praktbøker og bøker med sterke historiar frå folk sine kvardagsliv i Hardanger. Med andre ord eit stort og variert utval !

Om Hardangerbokdagen

Hardangerbokdagen er den største mønstringa av ny litteratur og nye tidsskrift om eller frå Hardanger. Vi ønskjer å vise fram mangfoldet av litteratur som har tilknytning til vårt området.  

Dagen er naturlegvis eit glimrande høve for alle bokinteressert til å finne flotte julegåver til seg sjølv eller til andre. Og til å nyte heimebaka kaker og kaffi i kaféen.