Norsk English

Konsert og pubkveld med Leif Rygg

Hardanger folkemuseum

14.10.2011 19:30

Fredag 14. oktober kl 19.30 byr Hardanger folkemuseum på solokonsert og pubkveld med meisterspelemannen Leif Rygg.

Vossingen Leif Rygg er godt kjent for publikum i Hardanger. Det er med stor glede me no inviterar til solokonsert og musikalsk møte med den røynde spelemannen. Alt som 9-åring starta han å spela hardingfele. Dei første læremeistarane var Lars Skjervheim og Sigbjørn Bernhoft Osa frå Voss og Anders Kjerland frå Hardanger. Han har heile tida lagt vekt på tradisjonelt spel samstundes som han har utvikla sin personlege spelestil. Leif Rygg har vunnet Landskappleiken i spel på hardingfele heile fem ganger, sist i 1999.

Leif Rygg starta musikkforlaget "Spelarhaugen Folkemusikk" på Voss, og han har gjeve ut fleire CD-ar. Han har vore fylkesmusikar, og mellom anna spelt i trioen "Slåttetrioen" saman med Knut Hamre og Håkon Høgemo. Han er ein engasjert pedagog og eit aktivt medlem i styret for Ole Bull Akademiet.

Meisterspelemenn - solo
Hardanger folkemuseum startar i haust ein konsertserie der me inviterar dei fremste utøvarane på hardingfele til å halda solokonsert.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd