Norsk English

Konsert og pubkveld med Frank Rolland

Hardanger folkemuseum

20.10.2011 20:30

Torsdag 20. oktober kl 20.30 inviterar Hardanger folkemuseum til solokonsert og pubkveld med hardingfelespelar og fylkesmusikar Frank Henrik Rolland.

Det er med stor glede me inviterar til konsert med vår eigen Frank Rolland. Han har vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996 og har arbeidsplass her på Hardanger folkemuseum der han mellom anna tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet.

Rolland er fyrst og fremst soloutøvar, men har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar og musikkformer. Han tok til å spela hardingfele i musikkskulen med Knut Hamre som lærar. Hamre har sidan vore den fremste læremeisteren. Rolland har utdanning frå folkemusikklina ved Fagernes v.g. skule. Han har vore knytt til musikkskulane i Hardanger som lærar og har vore instruktør på ei rekkje kurs og samlingar, og gjeve ut fleire CD-ar, mellom anna Hardingfele som kom i 2008.

Konserten vert arrangert i samband med Hordaland museumslag sin hausttur til Hardanger folkemuseum. Etter konserten vert det pubkveld i dei nyopna kafélokala på loftet.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd