Norsk English

IA-prisen 2017 til Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum er kåra til vinnar av IA-prisen (Inkluderande arbeidsliv) i Hordaland 2017! Prisen vart utdelt av IA-rådsleiar Roger Pilskog under ei IA-konferanse i Grieghallen torsdag 9. november. Om prisen heiter det:

IA-prisen for Hordaland tildeles en virksomhet eller bedrift som har gjort en ekstra innsats i arbeidet med et inkluderende arbeidsliv (IA). Prisen deles ut av IA-rådet i Hordaland. For å bli nominert må bedriften ha tegnet IA-avtale med NAV Arbeidslivssenter

Juryen har vurdert at Hardanger og Voss museum har utmerka seg på desse områda:
 Kan dokumentera systematisk arbeid med inkluderande arbeidsliv over tid.
 Har gode resultat innanfor IA-avtalen sine overordneda mål, og lukkast med å skapa mangfold.
 Godt arbeidsmiljø og eit velfungerande partssamarbeid.
 Utfører IA-arbeid til etterfølging for andre bedriftar og verksemder.


Fakta om prisvinnaren HVM:
- Hardanger og Voss museum (HVM) har museum i fem kommunar i Voss/Hardanger-området.
- Stiftinga har 59 fast tilsette frå åtte nasjonar og driv aktivitetar som spenner frå kunst og kulturhistorisk museum til trebåtbygging.
- I 2016 passerte museet 55.000 besøkande.
- HVM samarbeider tett med NAV-kontora om praksis- og språktreningsplassar til personar som treng å få en fot innafor arbeidslivet.
- HVM tilbyr lærlingeplasser innan smed-, reipslagar- og trebåtbyggerfaget.
- HVM har eit godt og systematisk partssamarbeid. Sjukefråværet var i 2016 på 4,3 %. Dette er godt under målsetjinga i IA-planen og også landsgjennomsnittet.
Bedrifta tilrettelegg arbeid for tilsette som treng det, og det er utarbeidd seniorpolitiske tiltak for personar over 55 år.