Norsk English

Auka besøkstal for HVM

Besøkstala for 2015 er klare og desse viser eit svært godt år for Hardanger og Voss museum. Samla sett har HVM vel 55 000 besøkande, noko som tilsvarar ein auke på 7% frå 2014. Samanliknar ein med 2012 ser viser tala ein auke på heile 47 %. 

Mest besøkt i 2015 var Hardanger folkemuseum/Agatunet og Hardanger fartøyvernsenter med vel 15 000 vitjande kvar.
Størst auke i antal besøk finn ein ved Voss folkemuseum, der det serleg har vore stor interesse for utstillinga med arbeid av avisteiknaren Ivar Kvåle. Ein ser ein auke på heile 36% til vel 12 000 besøkande her.
Kabuso registrerte serleg interesse knytt til Edvard Munch-utstillinga og enda på kring 9 500 besøkande.

Foto: Frå kunstutstillinga i Agatunet sommaren 2015. Utsnitt av måleri av Hans Olav Aarvik.