Norsk English

Master Class Hardanger 2014

Store nyhende for ivrige hardingfelespelarar frå heile landet: Til hausten startar me oppatt Master Class Hardanger, med meisterspelemann Knut Hamre som hovudlærar.

Master Class Hardanger er for deg som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupa deg meir i spelet og tradisjonen. Prosjektet vart gjennomført fyrste gong hausten 2013 med 10 deltakarar frå Hordaland. Tilbakemeldingane var svært gode og me lyser no ut ny søknadsrunde. Nytt dette året er at det er ope for søkjarar frå heile landet. Master Class Hardanger er ope for alle over 16 år. Både for dei som er ferdige/nærmar seg slutten i kulturskulen, og for vaksne som ynskjer påfyll og inspirasjon som utøvar.

Me ynskjer at Master Class-deltakarane skal ha eit nokolunde jamt nivå og ber difor om at du som søkjar sender 3 slåttar/lydspor saman med namn, alder og adressa til frank.henrik.rolland@hvm.museum.no  eller til Hardanger folkemuseum,  5778 Utne, innan 1. mai 2014.

Eigenandel kr 2.000,- (inkluderer 10 enkelttimar, overnatting og deltaking på helgsesamlingane med middag og lunsj på Utne Hotel)

Om enkelttimane:
Saman med hovudlærar finn deltakarane fram til eit individuelt opplegg etter eleven sine ynskje. Ein avgjer sjølv korleis ein vil fordela timane. Du kan dela dei i 10 møter eller gjera avtale om lengre økter. Undervisninga går føre seg i Granvin bygdetun på vekedagar i veke 36, 37, 42, 43, 46 og 47.

Om helgesamlingane:
5. - 6. september.
Fredag 5. september: middag på Utne Hotel og omvising på Hardanger folkemuseum. Konsert med Åse Teigland og Frank Rolland. Laurdag 6. september: omvising på felemakarverkstaden og folkemusikkarkivet. Workshop med Åse Teigland og Frank Rolland. Lunsj på Utne Hotel.


21. - 22. november.
Fredag 21. november: middag på Utne hotel og konsert med Knut Buen. Laurdag 22. november: føredrag og workshop med Knut Buen. Ope feleverkstad og folkemusikkarkiv. Lunsj på Utne Hotel.

Samlingane finn stad på Hardanger folkemuseum. Overnatting hjå Raaen hytteutleige, Utne

For meir info:
Spelemann Knut Hamre tlf. 957 28 255
Fylkesmusikar Frank Rolland tlf. 906 32 556 frank.henrik.rolland@hvm.museum.no
Prosjektleiar Agnete Sivertsen tlf. 95 93 46 98 agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Pressekontakt Rannveig Djønne tlf. 472 91 012 post@djonno.no

Velkomen til å søkja!
Søknadsfristen er 1.mai

Filer