Norsk English

Olav Kolltveit, bygdebok for Odda, Ullensvang og Kinsarvik

Nytt høve å sikra deg bygdebøkene for Odda, Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit. Det åtte band store verket er no til sal for berre 1.200,-

Det var i tida 1963 - 1974 at lokalhistorikar Olav Kolltveit etter initiativ frå bygdeboknemnda gav ut det åtte band store verket Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Desse bøkene er rekna for å vera Kolltveit sitt hovudverk og omhandlar framveksten bygdesamfunnet frå forntid og til fram til 1963, då fyrste bind kom ut. Bøkene innheld og detaljert gards- og ættesoge som vil vera av uvurderleg tyding for alle som interesserar seg for slektsgransking og lokalhistorie.

Bøkene kjem i band på to og to:

Band 1 og 2, inkl kart. Ålmennsoge/bygdesoge fram til 1913. Pris 400,- (før 500,-)

Band 3 I og 3 II. Gards- og ættesoge for Odda. Pris 400,- (før 500,-)

Band 4 I og 4 II. Gards- og ættesoge for Ullensvang. Pris 400,- (før 500,-)

Band 5 I og 5 II. Gards- og ættesoge for Kinsarvik. Pris 400,- (før 500,-)

Alle åtte band, inkludert kart er no på tilbod til berre 1.200,- (før 1.750,-)

Bøkene kan ein kjøpa i museumsbutikken på Hardanger folkemuseum, Utne eller tinga på post@hvm.museum.no Porto kjem i tillegg.