Norsk English

Nytt tilbod til verdas hardangersaumentusiastar

Framleis høve å melda seg på: Hardanger folkemuseum startar opp med helgekurs i hardangersaum. Det fyrste kurset skal gå i september. Kursa inkluderer både omvising, foredrag, kulturprogram og overnatting på ærverdige Utne hotel.

- Dette har eg hatt på ynskjelista lenge, fortel styrar på Hardanger folkemuseum, Agnete Sivertsen. Museet har gjennom fleire år merka ei auka interesse for hardangersaum, særleg internasjonalt. Saumarar frå Japan, England og USA kjem heile vegen til Utne for å sjå hardangersaumsamlingane, og for å læra den opphavlege måten å sy på. No går museet sjølv ut og inviterer til kurs.
 
- Blant dei som alt har vore her er interessa stor for å læra alle dei små detaljane som skiller måten me her i Hardanger syr på frå slik dei gjer det andre plassar, seier Sivertsen som og skal vera kurslærar. Museet har ei stor og spennande samling hardangersaum, og med den nye hardangersaumutstillinga og flotte lokale på loftet ligg alt til rette for å invitera til kurs.
 
Kursa går frå fredag til sundag. I den tida skal deltakarane verkeleg få ei solid dose hardangersaum med kursøkter, omvising i bunad- og hardangersaumutstillinga og foredrag om hardangersaum. Om kvelden vert det trerettars middag på Utne hotel etterfylgt av hardingfelespel i årestova i museumstunet eller folkemusikkonsert i kafeen. Neste kveld går turen til Agatunet, med vitjing i siderkjellaren og middag i den unike Lagmannsstova frå 1200-talet.
 
- Kursa passar for alle som likar å sy hardangersaum, anten dei kjem frå Hardanger, andre stader i Noreg eller andre stader i verda, forsikrar museumsstyraren som gler seg til å ta imot hardangersaumarar frå fjern og nær.

Det fyrste kurset går 21. - 23. september. Fleire datoar vert annonsert etter kvart, og kan også avtalast direkte med museet!

Påmelding innan 14. september på mail@hardanger.museum.no eller tlf: 53670040

Filer