Norsk English

Stilling ledig: Prosjektleiar for hardingfelesenter i Hardanger

Hardanger og Voss museum ynskjer å etablera eit hardingfelesenter i Hardanger. Museet har fått midlar frå Hardangerrådet og Hordalad fylkeskommune til å gå i gang med forprosjektet, og i samband med dette gler me oss til å kunne engasjera ein prosjektleiar i eit år for å utvikla dette spennande prosjektet.

Prosjektleiaren skal arbeida med etablering av senteret i samarbeid med stryingsgruppa. Sjå meir informasjon om prosjektet på: http://bit.ly/ms7biq

Kvalifikasjoner

Me søkjer ein engasjert person med høgare relevant utdanning og/eller arbeidserfaring innan prosjektutvikling og leiing. Som prosjektleiar må du vera målretta og sjølvstendig, ryddig og strukturert. Me legg vekt på gode samarbeidsevner, engasjement, driv og evne til å arbeida sjøvstendig. Det er ein føremon å ha kjennskap til folkemusikkfeltet

Sentrale arbeidsoppgaver:

  • Foreta ei grunnlags- og behovsanalyse i samarbeid med aktuelle fagmiljø og brukarmiljø.
  • I samarbeid med styringsgruppa utvikla og koma med framlegg om form og innhald i senteret.
  • Nettverksbygging og samarbeid med andre aktørar på feltet
  • Utarbeida plan og søknad med framlegg til finansiering og organisering av hovedprosjekt.

Praktisk informasjon

Arbeidsgjever er Hardanger og Voss museum. Me tilbyr kontorplass på Hardanger folkemuseum på Utne, men andre løysingar kan og vera mogleg. Arbeidet inneber ein del reising. Arbeidstida er for øvrig fleksibel. Løn etter avtale.

Kontaktperson for stillinga:

Direktør Trude Hoflandsdal Letnes, tlf 41 67 95 33 / 53 67 00 40 / 56 55 33 54. Museumsstyrar Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98 / 53 67 00 40

Søknad og CV sendes på e-post til personal@hardanger.museum .no

Søknadsfrist: 1. september 2011

Flere bilder