Norsk English

Kup-midlar til Hardingfelesenter

Hardanger og Voss museum vart tildelt 425.000,- i midlar frå kulturelt utviklingsprogram då kultur og ressursutvalet hadde møte i Rosendal måndag 30. mai.

Hardingfela har namnet sitt frå Hardanger. Det er eit unikt instrument, uvikla gjennom mange hundre år. Instrumentet har lange og sterke tradisjonar knytt til slåttemusikk, dans, konsert/kunstmusikk, rituelle samanhenger og instrumentmaking. Gjennom nasjonalromantikken og nasjonsbygginga fekk hardingfela status som nasjonalinstrument. I dag finn ein hardingfelespelarar langt utanfor dei tidlegare kjerneområda, både i Noreg og utanlands, og fela vert nytta i nye så vel som tradisjonelle musikalske samanhenger.

Interessa for hardingfela er veksande. I Hardanger merkar me resultat av systematisk opplæring gjennom spelemannslag og kulturskule, og har mange gode hardingfelespelarar som gjer seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt. Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på hardingfela og tradisjonane knytt til dette instrumentet, ikkje minst gjennom dei ratifiserte UNESCO konvensjonane om vern av materiell og immateriell kulturarv. Konvensjonen om immateriell kulturarv legg vekt på at det er miljøa sjølv som skal forvalta denne arven.

Midlane frå Hordaland fylkeskommune kjem godt med når me no skal søkja etter ein prosjektleiar som skal arbeida med alle dei spennande moglegheitene som ligg i å få etablert eit hardingfelesenter i Hardanger.

Filer

Flere bilder