Norsk English

Ny folkemusikkutstilling

Laurdag 7. mai 2011 opnar Hardanger folkemuseum ny folkemusikkutstilling. Kom og sjå landets mest komplette samling eldre hardingfeler. Nyt fjordutsikten medan du høyrer opptak frå det rikhaldige folkemusikkarkivet.

Det har lenge vore eit ynskje å fornya folkemusikkutstillinga vår. I høve 100 årsjubileet meinte me at tida no var inne. Særleg har me ynskja å gjera folkemusikksamlinga meir tilgjengeleg for publikum. Den nye utstillinga har difor ei eiga mediatekavdeling der ein kan høyra opptak frå samlinga og fordjupa seg i litteratur om hardingfela og folkemusikken.

Hardanger folkemuseum har ein omfattande samling eldre og nyare hardingfeler. Desse får ein sentral plass i den nye utstillinga. Her kan ein fylgja utviklinga av hardingfela frå dei eldste bondefelene og fram til dagens moderne hardingfele. Her er utstilt fleire instrument av dei namngjetne felemakarane Isak Nilsen Skaar (1663-1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) frå Botnen i Fyksesund. Her er og fleire feler frå den sentrale Hellandslekta i Telemark. Nyare feler er representert ved mellom anna Anders Aasen, Håvard Kvandal og Olav Vindal.

Hardanger folkemuseum var sentral i å etablera det store forskingsprosjektet om datering og dokumentasjon av hardingfeler, det sokalla Hardingfeleprosjektet, saman med mellom anna Ole Bull Akademiet, universitetet i Bergen og Rff-senteret. Prosjektet framskaffa mykje ny kunnskap, også om feler i vår utstilling. Mellom anna synte det seg at ei lita bondefele datert 1710 truleg er hundre år yngre, laga i 1810. Prosjektgruppa oppdaga og ein fiolin i Danmark, bygd av felemakaren Trond Isaksen Flatabø i 1764. Denne vart kjøpt av Sparebanken Hardanger og gitt i gåve til Hardanger folkemuseum. Dette er den eldste norskbygde fiolinen ein kjenner til.

I utstillinga vert ein og kjend med dei rike songtradisjonane frå Hardanger. I tre store smykkeskrin kan ein lesa om religiøse folketonar, innsamling og kjømeisterviser. Me har og vore så heldig å få lånt delar av den store trekkspelsamlinga etter Arnvid Lillegraven frå Granvin kommune.

Flere bilder