Norsk English

Besøk frå Japan

Dei japanske hardingfelespelarane Sayuri Yano og Kristina Shizuka Yamase vitjar Hardanger i mai på eit to veker langt studieopphald. På programmet står mellom anna besøk på Hardanger folkemusikksamling, konsertar og mykje øving.

I Tokyo har hardingfelespelar Rio Yamase etablert eit  japansk hardingfeleinstitutt med vel 20 elevar. Det er eit gryande samarbeid mellom instituttet, reiselivsnæringa og hardingfelemiljøet i Hardanger.

Hausten 2010 vart det arrangert ein konkurranse mellom studentane ved instituttet. Knut Hamre og Frank Rolland var jury og valde ut dei to studentane som no får eit to veker langt studieopphald i Hardanger. Opphaldet skal gje dei god kjennskap til hardingfeletradisjonane, og gje dei høve til å vidareutvikla kompetansen sin.

Det faglege innhaldet er tilrettelagt av mellom anna Hardanger folkemuseum, fylkesmusikarane i Hordaland, kulturskulane i fire av  Hardangerherada, samt Frank Rolland og Knut Hamre. Det er Reisemål Hardanger Fjord og Hardangerrådet som er vertskap for opphaldet, medan reise og opphald er sponsa av Tumlare, SAS og hotell i Hardanger.

Flere bilder