Norsk English

Hardanger folkemuseum fyller 100 år

Hardanger folkemuseum blir 100 år i 2011. Største festdagen vert på sesongopninga laurdag 7. mai kl 14.30.

Jubileumsframsyning kl 14.30

Gjennom opplesing, musikk, song og dans speglar framsyninga både museet og Hardanger si kulturelle historie. Velkjende Tore Nysæther har regien; medverkande elles er Arnhild Liltere, Dansarane Torkjell Lunde Børsheim, Halldis Folkedal og Martin Myhr, FYHND med Frank Rolland, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes, Geir Botnen, Guttorm Rogdaberg og musikarane Chen Yue og Ge Yong
frå Kina.

Opning av jubileumsutstillinga Hardanger i 100

Hardanger folkemuseum vil i si jubileumsutstilling "Hardanger i 100" syne kunstnarar som har skildra Hardanger. Hovudvekta er lagt på kunstverka frå dei siste 100 åra sjølv om enkelte eldre verk også er med. Det er ei stor glede å kunne vise nasjonalikonet Bjerk i storm, dei første vekene av utstillingsperioden. Museet sin eigen Tidemann, portrettet av felespelar Erich Vasenden, har fått plass i folkemusikkutstillinga. Hardangerregionen har dessuten fostra markante bilethoggara som har sin naturlege plass i ei slik utstilling.

Som ei motvekt vil denne utstillinga i tilegg visa nokre av dagens kunstnarar frå Hardanger som har reist ut for å hente inspirasjon. I dag er det dei store byane som har størst tiltrekningskraft for kunstnarane. For å gjere ei avgrensing har vi valt ut dei biletkunstnarane som har budd i Hardangerrådet si kunstnarleilighet i Berlin i 2009 og 2010.

Verka er innlånt frå private og offentlege eigarar i heile sør Norge og blir slik ein unik samling av kunst om og frå Hardanger.

Opning av ny fast folkemusikkutstilling

Det har lenge vore eit ynskje å fornya folkemusikkutstillinga vår. I høve 100 årsjubileet meinte me at tida no var inne. Særleg har me ynskja å gjera folkemusikksamlinga meir tilgjengeleg for publikum. Den nye utstillinga har difor ei eiga mediatekavdeling der ein kan høyra opptak frå samlinga og fordjupa seg i litteratur om hardingfela og folkemusikken.

Hardanger folkemuseum har ein omfattande samling eldre og nyare hardingfeler. Desse får ein sentral plass i den nye utstillinga. Her kan ein fylgja utviklinga av hardingfela frå dei eldste bondefelene og fram til dagens moderne hardingfele. Her er utstilt fleire instrument av dei namngjetne felemakarane Isak Nilsen Skaar (1663-1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) frå Botnen i Fyksesund. Her er og fleire feler frå den sentrale Hellandslekta i Telemark. Nyare feler er representert ved mellom anna Anders Aasen, Håvard Kvandal og Olav Vindal.

I tillegg vert det opning av ny loftsetasje med kafe etc.

Billettpris: kr 250/220

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomen til å feire med oss!

Flere bilder